Folkekyrkje utan folk – kva så?

Det sku bo folk i husan,
husan e som folk.
Folk treng hus og hus treng folk
i aill si tid.
– Ole H. Bremnes

Kristenogprogressiv.no har bede meg om å skrive noko om ”folkekyrkja”. Eg har sagt ja, sjølv om eg slett ikkje kjenner meg serleg progressiv om dagen, og dessutan er akutt usikker på kva eg tenkjer og meiner om ”folkekyrkja”. Det at eg sjølv arbeider som prest i eit typisk folkekyrkjeområde gjer det vanskelegare å ha meiningar både for og imot, tykkjer eg, for røyndomen kan faktiske vera ganske kompleks til tider.

Færre kristne
Debatten har fått eit ekstra talande bakteppe med den nye undersøkinga om kva ”livssyn” nordmenn identifiserer seg med. På dei fire åra som er gått sidan sist undersøking har delen som meiner kristendomen ligg nærast deira eige livssyn, sokke frå 59% til 50%.

Eg skal gå rett på og stille eit spørsmål som eg trur røyrer ved noko av kjernen i ein folkekyrkjedebatt, og det er: Er ei slik utvikling eit problem for folkekyrkja?

Me høyrer stadig om forskjellige ting som skal utgjera trugsmål mot ”folkekyrkja”. Dette er gjerne udemokratiske kyrkjeval, konservative kyrkjelydskjerner, biskopar som ikkje vil ha sambuarskap osb. Men kva med dersom det stemmer at stadig færre folk er kristne? Er dét så farleg? (Frå studenttida mi på Teologisk fakultet hugsar eg korleis me håna og akka oss over slike studier. Det var som oftast spørsmålsstillinga det var noko i vegen med. Og eigentleg ville inga spørreundersøking kunne få fram dei enorme reservoara med ”skjult tru” som låg løynd i folkedjupet.)

Er det eit problem at færre er kristne? Kor mange prosent av ”folket” er ”folkekyrkja” nøydt til å omfatte? Eg kjem ikkje unna at mange av dei som talar varmast om ”folkekyrkja” synest å operere med ein folkekyrkjedefinisjon kor kristen tru og praksis er det minst naudsynte av alt. Utgangspunktet er fint og velmeint og evangelisk: Ein ville forsvare dei som ikkje klarte å mobilisere dei rette kjenslene og vart drivne bort frå nattverdsbordet i dei pietistiske vekkingane. Ein ville seie at dei ”vanekristne” eller ”tradisjonskristne” faktisk var kristne, dei òg.

Respekt og paternalisme
På same vis må me prestar syne stor respekt for den skjulte og ordlause trua – når me faktisk møter ho. (Og ja, det er overraskande ofte). For det kan sjølvsagt ikkje vera noka tvil: Den skjulte og ordlause trua er tru, ho òg. Men me må samstundes kunne spørje oss: Er ho eigentleg noko å trakte etter? Fortener ho verkeleg å verte omtala i poetiske og blomstrande vendingar, hylla og lyfta opp som eit ideal for Den norske kyrkja i 2012?

Når orda våre om folkekyrkja går frå å vera sosiologisk deskriptive til å bli teologisk normative er det fare på ferde, trur eg. Når ”folkekyrkja” vert ideologi, vert ho òg dårleg skjult oppfordring om å ”bli ved sin lest”, andeleg sett. Me fær ei tenking kor det ikkje er noko rom for vekse i tru, kor personleg fordjuping i kyrkja sin tradisjon og trua sine mysterium ikkje har noka meining. Kor det å kunne seie truvedkjenninga djupast sett har same verdi som det å ikkje kunne seie ho. Med litt velvilje kan ein seie at eg sjølv gjekk med ei ”ordlaus tru” som born og ungdom, og eg kan ikkje få understreka nok at dette ikkje er jamngodt med å ha ei formulert tru. Det at eg ”veit på kven eg trur” gjer meg ikkje til eit betre eller lukkelegare menneske, men eg ville aldri ha vore det forutan. Difor vert eg provosert når folkekyrkjeideologar freistar overtyde meg om at det eigentleg ikkje spelar noka rolle.

Det er noko utruleg paternalistisk og respektlaust over alle liberale, kyrkjelege elitar som står klare til å stryke dei tenkte ”folkekyrkjemedlemene” på ryggen og seie: ”Berre bli der de er! Slapp av, så skal nok me alltids klare å stelle her i kyrkja.” Folk kan få stikke innom til dåp og bryllaup – det er jo akkurat like bra som å koma kvar sundag! Det er ikkje ein gong sikkert det er sunt å be for mykje; ein kan bli konservativ av det.

Frå ”folk” til individ
”Nesten alle er enige om at de ønsker seg [folkekirke]”, skriv redaksjonen når dei innleier til debatt her på desse sidene. Eg er ikkje så sikker på det. Eg skulle faktisk gjerne ha kvitta meg med heile folkekyrkja, dersom det berre kunne ha kome folk til kyrkja. Det er eit problem, eit kjempeproblem, for ei ”folke”-kyrkje at ho mistar folk. Ein romantisk folkekyrkjeideologi kunne nok ha sin verdi når bygdesamfunn var splitta mellom kyrkje og bedehus på slutten av 1800-talet, men ikkje like mykje i ein sekularisert, vestleg kultur i det einogtjugande hundreåret. Det at færre trur, skuldast meir enn noko at færre er likeglade. På godt og (sikkert mest) vondt ser dei på seg sjølve meir som individ enn som del av eit ”folk”. Dei tek stilling til religiøse spørsmål, dei nyttar fridomen til å seie ja og nei. Dei bryr seg.

Her på bygda ser me dette i mindre grad, og her kan ein òg sjå spor av den eldre tradisjonen kor ”skjult tru” faktisk er knytt til substansiell kristendomskunnskap og jamleg, om enn sjeldan messegang. Men her òg går utviklinga i same lei. Det er ei utfordring, men har i beste fall òg noko løfterikt ved seg. Det er tunge historiske og samfunnsmessige utviklingstrekk som driv dei kyrkjelege statistikkane nedover. Dei treng ikkje hjelp av ei sedat folkekyrkjetenking som postulerer at det er det same om folk trur dei er kristne eller ikkje. Og folk har heller ikkje bruk for bedrevitande professorar og prestar til å fortelje dei kva dei eigentleg trur. Det klarar dei fint å finne ut av sjølv.

For å gjera det heilt klart: Dette handlar ikkje om kor vidt dåpen skal vera einaste kriterium for kyrkjemedlemskap (det skal han!) Det handlar ikkje om å setje skil mellom ”verdige” og ”mindre verdige” kristne. Det handlar ikkje om å drive ut ”nominelle” kristne eller innføre kryssforhør av dåpsfamiliar. Det handlar minst av alt om å gjera narr av den skjulte trua som faktisk finst, og som kan skuldast mange ting. Eg tenkjer at det handlar om å ha respekt for folk, både når dei kjem og når dei ikkje kjem.

Berre éi oppgåve!
I staden for å drøyme om alle moglege bindestrekskyrkjer kan me heller minne oss sjølve om at Kyrkja med stor K har éi og berre éi oppgåve: Å kalle til tru på Jesus Kristus gjennom forvaltninga av ord og sakrament. Det er oppgåva overfor den trygge kyrkjelydskjernen, overfor dei som ikkje maktar å sette ord på trua si, og overfor dei som har teke aktivt avstand frå alt som har med kristendom å gjera. Overfor evangeliet stiller me faktisk radikalt likt. Kyrkja kan ikkje berre be dei minst aktive kyrkjelydsmedlemene om å nøye seg med smular for brød i form av bryllup og gravferder.

Den folkekyrkja eg er udelt for, er samstundes den einaste kyrkja som eigentleg finst: Alle moglege slags folk, samla kring ord og sakrament. Det finst inga sannare, meir andeleg, reinare og likare kyrkje enn den ein finn i næraste soknekyrkje kvar sundag, med alle vanekristne, svermarar, dåpsfolk, ordlause, kyrkjelydskjerne-kristne, legalistar, helgenar og hyklarar. Eg vil heller konsentrere meg om den enn om alle moglege luftige konstruksjonar eller luftslott. Det trur eg er å syne respekt overfor både folk og kyrkje.

Audun Opland
Sokneprest i Rollag og Veggli menigheter


Tidligere innlegg i debatten:
03.12 Knut Lundby: Folkekirke – for folk flest
03.12 Sindre Stabell-Kulø: Hvem trenger folkekirka?

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *