New Public Management i kyrkja

Illustrasjon: Anne Vollaug

Illustrasjon: Anne Vollaug

(KristenOgProgressiv.no setter denne uka søkelys på New Public Management. Les Ingvar Skjerves introduksjon her)

Innverknaden frå NPM er med på å forma og endre tenkinga i kyrkja. Dette gjer den fordi det implisitt i denne måten å tenkje organisering på ligg eit verdiparadigme som har nokre grunnleggande kjenneteikn som bryt med kyrkja sitt verdigrunnlag.

For ei tid tilbake snakka eg med ein kyrkjeleg medarbeidar som kunne fortelje om språkbruken som hadde utvikla seg i ein kyrkjeleg administrasjon. Ein booka kapell til gravferd, reserverte plass på kyrkjegarden og ”kjørde” ein gravferdsseremoni.

Dette er eit godt døme korleis New Public Management (NPM) har gjort sitt inntog i kyrkja. Språk skapar røyndom. Med denne språkbruken har ein flytta seg frå å vere ei kyrkje til å bli eit forvaltingsorgan på lik line med eit sentralt kontor for bestilling av flybillettar og hotellrom.

I dei ulike forvaltingssystema i kyrkja sit vi stadig i møter for å drøfte kva som kan vere tenlege resultatindikatorar for å måle utviklinga i kyrkja. Men gjev slike reiskapar eit rett bilete av kva ein driv med i kyrkja?

 Når denne måten å tenkje på gjer sitt inntog i kyrkja så skjer det noko som etter mi meining er alt for lite reflektert over.

Tjenesteprodusent
I mine første år som prest fekk eg ein gong spørsmålet: Hei prest, kor mange har du frelst? Eg kunne då svare at eg frelser ingen, det er det Gud som gjer og som får halde teljinga.
Det er mykje vi gjer i kyrkja som ikkje kan eller skal målast eller teljast. Korleis kan du måle eller telje kvaliteten på ein samtale med sørgjande menneske? Korleis skal du måle om preika var god eller dårleg? Kva gjer dette med forståinga av kva vi er som kyrkje?

Innverknaden frå NPM er med på å forma og endre tenkinga i kyrkja. Dette gjer den fordi det implisitt i denne måten å tenkje organisering på ligg eit verdiparadigme som har nokre grunnleggande kjenneteikn som bryt med kyrkja sitt verdigrunnlag. NPM er henta frå ein aglo-amerikansk kontekst der ein har samfunn med store sosiale ulikskapar, med sterke hierarkiske strukturar. Relasjonen mellom arbeidarar og leiarar er prega av mistru og kontroll. Røtene finn vi i ein behavioristisk tolking av menneskeleg åtferd. Gulrot og pisk er dei viktigaste verkemiddela, og trongen for kontroll er svært stor.

Når denne måten å tenkje på gjer sitt inntog i kyrkja så skjer det noko som etter mi meining er alt for lite reflektert over.

På ein heilt grunnleggande måte finn vi dette igjen i forståinga av prestetenesta. Nokre oppfattar prestetenesta som ein tenesteprodusent. Ein ønskjer å organisere produksjonen av rituelle tenester, andaktar og ulike oppdrag mest mogeleg rasjonelt. I ei tid med knappe ressursar opplever vi eit sterkt press i retning av at vi skal reise rundt i eit større område og avvikle gravferder og gudstenester mest mogeleg effektivt og rasjonelt. Tilhøvet mellom prest, einskildmenneske og lokalsamfunn forvitrar i ein slik måte å tenkje på.

I kyrkja bør vi tenkje prinsipielt annleis. Vi ønskjer å skape ein kultur prega av tillit. Ein kultur som fremjar samarbeid om felles mål. Ein organisasjon som byggjest nedanfrå og som har utgangspunkt i eit fellesskap av menneske som deler sams verdigrunnlag og vil breie ut nestekjærleik til samfunnet rundt oss. Det viktigaste oppgåve vi har som kyrkje er å byggje relasjonar mellom menneske og relasjonar mellom menneske og Gud. Vi er ikkje ei produksjonsverksemd som skal produsere eller levere tenester.

 I debatten om NPM har det vore etterlyst alternative måtar å organisere på

Organisasjonsøkologi
I staden for å tenkje på kyrkja som ein linjeorganisasjon med strenge hierarki, er ein betre metafor for kyrkja å tenkje den organisk som ei plante, med røtene godt festa i dei lokale kyrkjelydane med eit sams ønskje om å strekkje seg mot himmelen.

Leiingsekspert Erik Ness er inne på noko av det same då han blei intervjua om skilnaden på å leie ei kunnskapsverksemd samanlikna med ei produksjonsverksemd.

– Det handler om å først forstå og så bli forstått. Ledere må kunne ta avgjørelser, men i slike kunnskapsbedrifter funker det rett og slett ikke å bare trumfe igjennom et vedtak. I stedet må man legge opp til en god og innledende dialog, for kunnskapsledelse som disiplin er svært forskjellig fra produksjonsledelse. Det er mulig at vi kan snakke om to ulike organisasjonsøkologier med så ulike livsbetingelser at det er begrenset hvilke erfaringer som kan overføres mellom dem, sier Erik Næss. (Publisert: 13.02.2013 i Dagens Næringsliv.)

Når det er sagt så er det innlysande at kyrkja treng administrasjon. Kyrkja forvaltar både økonomi, bygningar og arbeidskraft og det er krav på kyrkja at den forvaltar dette på beste måte. I debatten om NPM har det vore etterlyst alternative måtar å organisere på. Kanskje vi skulle ta eit steg attende til den tid då ein i utgangspunktet møtte arbeidstakarar med tillit. Sjølv om det då stundom vart avdekka at ein ikkje fekk gjort jobben så var kostnadane med det langt mindre enn det kontrollregimet som no blir etablert.

 Vil vi ha ei produksjonsorientert kyrkje, eller er vi viljuge til å akseptere at kyrkja er noko annleis?

Eit skeivt bilete
I diskusjonen om ei framtidig organisering av kyrkja merkar vi at det har utvikla seg ulike kulturar i kyrkja. Særleg dei medarbeidarane med særskild kyrkjefagleg kompetanse er saman med sokneråda meir opptekne av korleis vi skal kunne skape levande kyrkjelydar og ei kyrkje som når enno lenger med sin bodskap, medan det i dei byråkratiske strukturane finn fagmiljø som er meir opptekne av teljekantar og resultatindikatorar.

Det er også eit dilemma i dette for kyrkja sin del. På den eine sida er vi i hovudsak offentleg finansiert og må dokumentere både trong for ressursar og den verksemda som blir gjennomført. På den andre sida er slik dokumentasjon med på å teikne eit skeivt bilete av kva kyrkja gjer. Her står ein i fare for å gjere resultatindikatorane til det berande elementet i det vi held på med. Jf. diskusjonane om organisering innan helsevesenet.

I tida framover blir dette ei stor utfordring for oss som kyrkje og for våre medlemmer. Vil vi ha ei produksjonsorientert kyrkje, eller er vi viljuge til å akseptere at kyrkja er noko annleis? Kan kyrkja vere ein organisasjon som skal fylle ei anna rolle for menneske og samfunn og som skal verke på ein annan måte. Det må då vere ein organisasjon som i mykje større grad legg til rette for medarbeidarar drivne av samvit og fagleg engasjement. Det vil også stimulere til auka friviljug innsats.

Det er fortald at benediktinarordenen var den best organiserte strukturen i mellomalderen og var inspirasjonskjelde til utviklinga av all organisering av samfunnet. Dei klarte likevel ta vare på sitt åndelege innhald og finne balansen mellom det å vere gode hushaldarar og samstundes byggje relasjon mellom menneske og relasjonar til Gud.

Kanskje tida er inne til innovasjon og nytenking innan kyrkja. Kanskje vi på nytt kunne klare å utvikle ei tenking som gav god forvalting men som også la til rette for det relasjonsbyggjande i det å vere kyrkje. Ei tenking som i neste omgang også kunne hatt mykje å seie for korleis vil at samfunnet vårt skal utvikle seg.

 

Gunnar Mindestrømmen
Leder i Presteforeningen

 

(KristenOgProgressiv.no setter denne uka søkelys på New Public Management. Les Ingvar Skjerves introduksjon her)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *